5 av 5
Daglig gleder Heidi Klefstad var invitert til samling for nesten hundre medarbeidarar ved avdeling for bioteknologi og nanomedisin i Sintef. Der møtte Heidi ein gjeng med ganske så seriøse forskarar som arbeider med bioteknologi, kjemi mm. for å løysa ei rad problemstillingar som handlar om mat, fôr, vaksiner og andre medisinar, plast, nye materiale og mykje meir. Midt i dagen kom Heidis forrykande innlegg om å ‘være en daglig gleder’. Heidi tulla og tøysa med daglege opplevingar som me mange kjende oss att i, med formuleringar som fekk salen til å le høgt mange gonger. Eit herleg lite sjølvhøgtideleg foredrag som alle blei i skikkeleg godlag av OG som me alle lærte noko av. Det er uvanleg å kunna høyra eit foredrag og kunna ta lærdomen i bruk umiddelbart. Heidis foredrag er slik. Ein sånn gjeng som den Heidi møtte hos oss, er ikkje alltid så begeistra for avbrekk av den morosame sorten, men den tydelege bodskapen som Heidi hadde med seg, gjekk rett inn. Like etter vår samling, opplevde avdelinga ei svært trist hending, og fleire refererte då til Heidis ord om å vera meir til stades for kvarandre. Hei, takk og ha det, er hyppigare i bruk enn før, kan eg seia, rett nok utan vitenskapelig belegg. Eg håper å finna ein anledning til å invitera Daglig gleder igjen.
Ågot Aakra Sintef AS