Ole Rolfsrud
4 av 5
Ole Rolfsrud var programleiar på Statnett si samling for 1400 ansatte i Statnett hausten 2022. Han bandt saman dei ulike temaene på ein god måte og bidrog til at samlinga skapte samhald og ei kjensle av å vere stolt av bedrifta. Me hadde ulike faglege bidrag frå både interne og eksterne, og Ole hadde sett seg godt inn i komplekse saker og lukkast særs godt med å skape ein heilskap i opplegget for ansatte frå heile bredda i organisasjonen. Han hadde og eit opplegg kor han kobla saman sjakk og strategi på ein vellukka måte. Her fekk ein representant frå leiinga prøve seg i lynsjakk med kommentarar og god vegleiing. Dette skapte ei fin bru frå det faglege til det sosiale opplegget.
Kommunikasjonsdirektør, Henrik Glette
Statnett